Ångströmeksponent

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ångströmeksponenten er namnet på ein eksponent i likninga som skildrar korleis den optiske tjukkleiken til aerosolar er bunden av bølgjelengda til lys (eller anna stråling).

Storleiksfordelinga til partiklane spelar ei rolle for den optiske tjukkleiken, og er gjeven ved tilnærminga

τλτλ0=(λλ0)α

der τλ er den optiske tjukkleiken ved bølgjelengd λ, og τλ0 er den optiske tjukkleiken til referansebølgjelengda λ0. Visst ein kjenner den optiske tjukkleiken ved ei bølgjelengd og ångströmeksponenten, kan ein i prinsippet rekne ut den optiske tjukkleiken for alle andre bølgjelengder. I praksis blir den optiske tjukkleiken til eit lag med aeroslar målt ved to forskjellige bølgjelengder, og ångströmeksponenten blir estimert ut frå desse målingane ved å bruke denne formelen.

For målingar av optisk tjukkleik τλ1 og τλ2 ved to ulike bølgjelengder λ1 og λ2 er ångströmeksponenten gjeven ved

α=lnτλ1τλ2lnλ1λ2

Ångströmeksponenten er omvendt proporsjonal med storleiken til aerosolane, altså jo mindre partiklar, jo større eksponent. Denne eksponenten blir no rutinemessig estimert ved å analysere målingar av stråling i jordatmosfæren.