Akustisk refleksjon, absorpsjon og transmisjon

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Skrått innfall av lydbølge mot vegg.

Akustisk refleksjon, absorpsjon og transmisjon: Når ei lydbølgje treffer ei flate, som til dømes ein vegg, vert noko av energien i lydbølgja absorbert i veggen. Ikkje all energien vert absorbert, noko av energien går gjennom veggen og ut i rommet på andre sida og noko vert reflektert attende inn i rommet. Energien som vert absorbert i veggen går over til termisk energi.

Den brøkdelen R av lydtrykket som vert reflektert frå flata vert kalla trykkrefleksjonsfaktoren, eller ofte berre refleksjonsfaktoren. Denne faktoren er kompleks og varierer difor med frekvensen. Han avheng òg av innfallsvinkelen θ.

Den brøkdelen α av energien som går inn i veggen vert kalla absorbosjonsfaktoren[1] og er relatert til trykkrefleksjonsfaktoren som

α=1|R|2.

Både den delen av energien som vert absorbert i veggen og den delen som fortset ut på andre sida er inkludert i α. Absorbosjonsfaktoren α er ein reell skalar, men han er frekvensavhengig.

Kjelder

Mal:Kjeldeliste

Sjå òg

  1. Vigran, T.E., Bygningsakustikk - et grunnlag, Tapir, 2002.