Alfvén-bølgje

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Alfvén-bølgjer eller magneto-hydrodynamiske bølgjer er ein type elektromagnetiske bølgjer som forplantar seg i eit elektrisk plasma der det samstundes finst eit konstant magnetfelt. Slike bølgjer vart først skildra teoretisk av den svenske fysikaren H. O. G. Alfvén.

Kjelder

Alfvén-snøggleik

Den lågfrekvente relative permittiviteten ϵ til eit magnetisert plasma er gjeven ved

ϵ=1+1B2c2μ0ρ

der B er magnetisk feltstyrke, c er lysfarten, μ0 er permeabilitet i vakuum, og ρ=Σnsms er den totale massetettleiken til dei ladde plasmapartiklane. Her går s over alle plasmatypar, både elektron og (få typar av) ion.

Derfor må fasesnøggleiken til ei elektromagnetisk bølgje i eit slikt medium vere

v=cϵ=c1+1B2c2μ0ρ

eller

v=vA1+1c2vA2

der

vA=Bμ0ρ

er Alfvén-snøggleiken. Om vAc, så er vvA. Når vAc, så er vc. Det vil si at ved høge felt eller låg tettleik, er snøggleiken til Alfvén-bølgja opp mot lysfarten, og Alfvén-bølgja vert ei vanleg elektromagnetisk bølgje.

Om ein ser bort frå bidraget frå elektrona til massetettleiken og tenkjer at det berre finst ein type ion, får vi

vA=Bμ0nimi in SI
vA=B4πnimi in CGS
vA(2.18×1011cm/s)(mi/mp)1/2(ni/cm3)1/2(B/gauss)

der ni er ionetalet-tettleiken og mi er ionemassen.

Alfvén-tid

I plasmafysikk er Alfvén-tid τA ein viktig tidsskapa for bølgjefeomen. Han er knytt til Alfvén-snøggleik med:

τA=avA

der a er den karakteristiske skalaen for systemet, til dømes a er den mindre radiusem til torusen i ein tokamak.

Kjelder

Mal:Fotnoteliste

Bakgrunnsstoff