Antares

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Stjerneboks start Mal:Stjerneboks bilete Mal:Stjerneboks observasjon Mal:Stjerneboks karakteristikk Mal:Stjerneboks astrometri Mal:Stjerneboks detalj Mal:Stjerneboks katalog Mal:Stjerneboks referanse Mal:Stjerneboks slutt Antares, òg kjend med Bayer-nemninga Alfa Scorpii (forkorta til α Scorpii eller α Sco), er den syttande mest lyssterke stjerna på nattehimmelenMal:Efn og den mest lyssterke stjerna i stjerneteiknet Skorpionen, og er ofte omtalt som «hjartet i skorpionen». I lag med Aldebaran, Regulus og Fomalhaut, dannar Antares ei gruppe som vert kalla 'Kongelege stjernene i Persia'. Ho er ei av dei fire mest lyssterke stjernene nær ekliptikken.

Ein kan sjå med det blotte auget at Antares er raud, og stjerna er ei raud superkjempe med spektralklasse M2Iab og er ein av dei største og mest lysande observerbare stjernene. Ho er ei langsam irregulær variabel stjerne med ein gjennomsnittleg storleiksorden på +1,09.[1] Antares er den mest lyssterke, mest massive og mest utvikla stjerna i den næraste OB-stjernehopen (Skorpionen-Kentauren-hopen). Antares er ein del av the Øvre Skorpionen subgroup of the Skorpionen-Kentauren-hopen, som består av tusenvis av stjerner med ein gjennomsnittleg alder på 11 millionar år i ein avstand på kring 470 lysår.[2]

Eigenskapar

Samanlikning mellom den raude superkjempa Antares og sola, synt som ein liten prikk øvst til høgre. Den svarte sirkelen er storleiken til banen til Mars. Arcturus er òg med i biletet for samanlikning.

Antares er ei superkjempe med stjerneklassifiseringa M1.5Iab-b.[1] Ho har ein radius som er kring 883 gonger sola sin;[3] og om ho vart plassert i midten av solsystemet, ville den ytre flata liggje mellom banen til Mars og Jupuiter. Antares ligg kring 550 lysår frå jorda.[4] Den synlege luminositeten er kring 10 000 gonger større enn for sola, men fordi stjerna stråler ut mykje av energien sin i den infraraude delen av spektrumet, er den bolometriske luminositeten lik 65 000 gonger sola sin. Massen til stjerna er kalkulert å vere kring 15 til 18 solmassar.[5] Nyare analysar[2] indikerer at massen er kring 17 solmassar og at alderen 12 millionar år.

Antares har ei følgjestjerne, Antares B. Avstanden mellom dei to stjernene er kring 574 astronomiske einingar (AU).[6] Stjerneklassifiseringa til denne stjerna er B2.5,[5] og med ein storleiksorden på 5,5, er ho berre 1/370-del så lys som Antares A, men skin med ein luminositet som er 170 gonger så stor som sola sin.[5]

Antares kan eksplodere som ein supernova dei neste få hundretusen åra. Antares kan då vere like lys som fullmånen og vere synleg på dagtid. Mal:-

Fotnotar

Mal:Fotnoteliste

Kjelder

Mal:Reflist

Bakgrunnsstoff

Mal:Himmel

Mal:Stjerner i Skorpionen

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet simbad
  2. 2,0 2,1 Mal:Cite journal
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet aaa474_1_229
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet aaa474_2_653
  5. 5,0 5,1 5,2 Mal:Cite web
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet separation