Asymptote

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
f(x)=1x som graf i kartesisk koordinatsystem. Her er x- og y-aksen asymptotar.

Ein asymptote er eit matematisk omgrep som vert nytta om ei rett eller krum linje ei kurve, eller grein av ei kurve, stadig nærmar seg, men aldri møter. Uttrykket kjem frå latin: asymptota (linea), (linje) som ikkje møtes. Kurva kan kome vilkårleg nær asymptoten sin, men utan å falle saman med han.

For flater kan ein òg innføre asymptotiske flater med liknande eigenskapar, vanlegvis asymptotiske plan eller asymptotiske kjegleflater.

Vidare kan ein sei for funksjonar at ein funksjon Mal:Math nærmar seg asymptotisk til ein annan funksjon Mal:Math dersom forholdet deira nærmar seg verdien 1 som grense for veksande verdiar av Mal:Math.

Ein asymptotisk formel uttrykker at ein funksjon er asymptotisk lik ein annan funksjon.

Kjelder

Mal:Autoritetsdata