Bøttemodellen

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Bøttemodellen er den enklaste modellen for å estimere kor mykje vatn som finst i eit jordsmonn. Modellen baserer seg på at ein har ei fast mengd vatn i jordsmonnet som kan utnyttast til evapotranspirasjon.

Bøttemodellen er som følgjer:

wwt=ρwhwt=PrE+MsΔf

der ww er massen av vatnet i jordsmonnet per areal (wwt seier berre at dette endrar seg over tid), hw er høgda av vatnet i jordsmonnet ein ser på (eller høgda i bøtta om ein vil) og ρw er tettleiken til vatnet. Modellen seier at vassnivået i jordsmonnet aukar med tilført nedbør Pr og snøsmelting Ms, og minkar med evapotranspirasjon E og avrenning Δf.

Ein typisk verdi for hw er 15 cm, og jordsmonnet kan ikkje innehalde meir vatn enn dette. Sidan parametrane til høgre i modellen til saman må vere konstant kan ein t.d. rekne ut avrenninga når nedbørsmengdene og snøsmeltinga er større enn evapotranspirasjonen.