Bowenforholdet

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Bowenforholdet er forholdet mellom merkande varme og latent varme frå eit medium til eit anna. Matematisk kan forholdet skildrast:

B=QhQe,

der Qh er merkande varme og Qe er latent varme. Harald Sverdrup kalla forholdet opp etter Ira Sprague Bowen (1898–1973), ein astrofysikar som først brukte forholdet i arbeidet sitt med fordamping av vatn, og det blir mest brukt innan meteorologi og hydrologi. I denne samanhengen er storleiken B mindre enn ein, altså blir ein større tilgjengeleg energimengd frå overflata overført til atmosfæren som latent varme enn som merkande varme. Når Qe0 vil derimot B gå mot uendeleg, og bowenforholdet vil då vere ein dårleg variabel å bruke i andre formlar, særleg for tørre overflater. På grunn av dette er fordampingsbrøkdelen (FB), som viser dei forskjellige turbulente energifluksane til og frå overflata, ein betre variabel å bruke i desse tilfella.

Bowenforholdet er relatert til fordampingsbrøkdelen FB gjennom likninga

FB=QeQe+Qh=11+B.

Referansar

  • Bowen, I.S., 1926: The ratio of heat losses by conduction and by evaporation from any water surface. Physics Review, 27, pp 779—787.
  • Lewis, J.M., 1995: The Story behind the Bowen Ratio. Bulletin of the American Meteorological Society, 76, pp 2433-2443.