Bølgjefunksjon

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Bølgefunksjonen i kvantemekanisk teori er ein kompleks funksjon som skildrar tilstanden til eit fysisk system. I posisjonsrepresentasjonen blir bølgjefunksjonen til eit ein-partikkelsystem ofrast skrive som

ψ(r,t).

Det er vanskeleg å gje bølgjefunksjonen noko direkte fysisk tolking, men sannsynstolkinga til Born postulerer at sannsynet for at det kvantemekanisk systemet skildra av ψ skal «finne seg» i eit område rundt r ved tida t er gjeven ved

|ψ(r,t)|2drdt.

Relasjon til generell formulering

I den generelle formuleringa av kvantemekanikken skildrast tilstanden til eit system ved ein tilstandsvektor (eg. tilstandsstråle) |Ψ(t) som oppfyller Schrödingerlikninga,

it|Ψ(t)=H^|Ψ(t),

der H^ er Hamiltonoperatoren som skildrar det fysiske systemet.

Bølgjefunskjonen i posisjonsrepresentasjonen, Ψ(r,t), er projeksjonen av tilstandsvektoren |Ψ(t) ned på eigenvektorane til posisjonsoperatoren:

Ψ(r,t)=r|Ψ(t).

Kjelder

Mal:Refopning

Mal:Refslutt

Mal:Autoritetsdata