Darcy
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein darcy og millidarcy (mD) er ei måleining for permeabilitet, kalla opp etter Henry Darcy. Måleininga er ikkje ei SI-eining, men vert mykje nytta i petroleumsindustrien og geologi. Som andre mål for permeabilitet har ein darcy dei same eingane som areal.
Definisjon
Permeabilitet måler kor mykje væske som kan renne gjennom ein stein (eller anna porøs media). Ein darcy er definert av Darcy-lova og kan skrivast som:
der:
- er gjennomstrøymingsfarten gjennom mediet
- er permeabiliteten til mediet
- er den dynamiske viskositeten til væska
- er den praktiske trykkskilnaden
- er tjukkleiken til mediet.
Eit medium med ein permeabilitet på 1 darcy let ein straum på 1 cm³/s til ei væske med viskositet 1 cP (1 mPa·s) under ein trykkgradient på 1 atm/cm over eit tverrsnitt på 1 cm². Ein millidarcy (mD) er lik 0.001 darcy.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Darcy» frå Mal:Wikipedia-utgåve, den 19. september 2010.
- Mal:Wikipedia-utgåve oppgav desse kjeldene:
- Society of Petroleum Engineers (SPE).
- Richard Selley's Elements of Petroleum Geology (2. utgåve), side 250.