Deformasjon i meteorologi

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Deformasjon i meteorologi er endringsraten til forma på ein væskelekam. Storleiken er særs viktig i danninga av frontar, i utforminga av skyer og i diffusjon av stoff og eigenskapar.[1]

Likningar

Deformasjon av horisontal vind er definert som  def𝐕=A2+B2, der  A=vx+uy og  B=uxvy, representerer dei deriverte av vindkomponentane. Sidan desse deriverte varierer stort med rotasjonen til koordinatsystemet, så vil  A og  B gjere det same.[1]

Strekkingsretning

Deformasjonselementa  A og  B (over) kan nyttast til å finne retninga til utvidingsaksen, altså linja som elementa strekkjer seg langs (òg kalla strekkingsretninga). Fleire straummønster er kjenneteikna ved stor deformasjon: konfluens, diffluens og skjerstraum. Konfluens, òg kjend som strekking, er ei forlenging av eit væskeelement langs straumeretninga (straumlinjene konvergerer), medan diffluens, òg kjend som skjerdanning, er ei forlenging av væskeelementet normalt på straumretninga (straumlinje divergens).[1]

Sjå òg

Kjelder

Mal:Fotnoteliste

  1. 1,0 1,1 1,2 Djurić, D: "Weather Analysis". Prentice Hall, 1994. ISBN 0-13-501149-3.