Drake-likninga

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Drake-likninga er ei enkel matematisk likning innanfor astrobiologien og leitinga etter utanomjordisk intelligens (SETI-prosjektet). Ho vart formulert av astrofysikaren Frank Drake i 1960, og har som mål å syna kor mange intelligente sivilisasjonar med radioteknologi som finst i Mjølkevegen til ein kvar tid.

Likninga

 N=R×fp×ne×fe×fi×fc×L

Drake-likninga er ei relativt enkel likning, som går ut på multiplikasjonen av ei rekkje variablar:

  •  N er kor mange intelligente sivilisasjonar som eksisterer.
  •  R står for raten for kor ofte nye stjerner vert danna.
  •  fp er den luten av stjernene som har planetar.
  •  ne står for luten av planetar som potensielt kan utvikla liv per stjerne med planetar.
  •  fl er luten av desse planetane som faktisk utviklar liv på eit eller anna tidspunkt.
  •  fi er den luten av planetar med liv som utviklar intelligent liv.
  •  fc er luten av sivilisasjonar som utviklar teknologi som let seg registrera frå rommet, det vil seie radiosignal eller liknande.
  •  L er lengda på tidsrommet desse sivilisasjonane sender signal ut i rommet.

Mal:Spire Mal:Autoritetsdata