Elektrisk impedans

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Elektromagnetisme

Impedans i det komplekse planet.

Elektrisk impedans er definert som tilhøvet[1]

Z=VI,

der V er elektrisk spenning og I er elektrisk straum. Impedans kjem frå lat. impedire (hindra, gjera motstand) og er ei generalisering av motstand. Omgrepet vart innført av Oliver Heaviside i 1886Mal:Treng kjelde. Impedans har einig V/A, som har fått namnet Ohm og symbolet Ω.

Impedans er ein kompleks storleik og kan på rektangulær form uttrykkast

Z=R+jX,

der realverdien er elektrisk motstand, j=1 og X er talverdien til den elektriske reaktansen. På polar form kan impedansen uttrykkast som

Z=|Z|ejθ,

der

|Z|=R2+X2

er talverdien og

θ=XR,

er vinkelen mellom spenning og straum. Reaktansen kan vera positiv eller negativ.

Impedansen til ein ideell spole

ZL=jωL,

der ω er vinkelfrekvensen og L er induktansen til spolen, er ein impedans der realdelen (motstanden) er null og reaktans er positiv. For ei sinusforma spenning betyr dette at spenninga ligg 90o (ei kvart bølgjelengd) før straumen. Impedansen til ein ideell kondensator

ZC=1jωC=j1ωC,

der C er kapasitansen til kondensatoren. I dette tilfellet er reaktansen negativ. Det betyr at spenninga ligg 90o etter straumen.

Mal:Referanseliste


Mal:Autoritetsdata

  1. S. Franco, Electric circuits fundamentals, Saunders College Publishing, 1995.