Elektrisk straum

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Elektromagnetisme Elektrisk straum er elektrisk ladning per tidseining. Ladningen kan vera elektronar i ein elektrisk leiar, ion i ein elektrolytt, eller elektronar og ion i plasma (ionisert gass)[1].

Elektrisk straum er elektrisk ladning Q gjennom ei snittflate per tidseining:

i=dQdt.

det t står for tid. For likestraum kan uttrykket forenklast til

I=Qt.

Det er her nytta liten i for tidsvarierande straum og stor I for konstant straum (likestraum). SI-eininga for elektrisk straum er ampere og vert forkorta A.

Elektrisk straum fører til eit magnetfelt omkring leiaren.

Vi definerer straumretninga gåande frå pluss til minus i ein last, og omvendt i ei kjelde. At elektrona faktisk flyttar seg motsett veg spelar inga rolle ved utrekningar.

Fart

Ein skil mellom fasefarten og driftfarten.

Fasefart: Om ein legg på ei pulsespenning mellom to elektriske leiarar vil ein spenningspuls bevega seg utetter dei elektriske leiarane, men ein fart (fasefart)

v=cεr,

der c=3108 m/s er hastigheita til ei elektromagnetisk bølgje i vakuum og εr er den relative permitiviteten til isolasjonen mellom leiarane. I eit krinskort til dømes er εr4,4, så v1,43108 m/s, som er under halvparten av farten i vakuum. Dette er farten signala blir overførte med.

Elektrondriftfart: Om ein nyttar den klassiske partikkelmodellen[2] kan ein finna ein gjennomslittsfart for elektronane, kalla driftfarten:

u=mσΔUρef,

der m er molekylmassen til leiarmaterialet, σ er konduktiviteten, ΔU er spenninga over leiaren, ρ er tettleiken til leiarmaterialet, e er elementærladninga, f er talet på frie elektron per atom og er lengda på leiaren. I samband med vekselstraum i elnettet snur spennings- og strumretninga 50 gong per sekund, så netto elektrondrift blir svært liten; typisk mindre enn 1 μm/s.

Sjå òg

Referansar

Mal:Referanseliste

Mal:Autoritetsdata

  1. V. Acosta, C.L. Cowan og B.J. Graham, Essentials of moden physics, Harper & Row, 1973.
  2. R.E. Hummel, Electronic properties of materials, 4. utg., Springer, 1985.