Firarsnøggleik

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Firarsnøggleik eller firarhastigheit til ein lekam er i fysikk, og særleg i spesiell og generell relativitet, er ein firarvektor (vektor i den firedimensjonale romtida) som erstattar klassisk snøggleik (ein tredimensjonal vektor). Han vert vald slik at lysfarten er konstant i alle tregleikssystem.

I relativitetsteori vert hendingar skildra i tid og rom, og dannar i lag ei fire-dimensjonal romtid. Historia til ein lekam går langs ei kurve i romtida, parameterisert av ein kurveparameter kalla eigentida til lekamen. Denne kurva vert kalla verdslinja. Firarsnøggleiken er endringa av både tid- og romkoordinatane med omsyn til eigentida til lekamen. Firarsnøggleiken er ein tangentvektor til verdslinja.

For samanlikning: i klassisk mekanikk vert hendingar skildra av deira (tredimensjonale) posisjon i kvar augneblink av tida. Vegen til ein lekam er ei kurve i det tredimensjonale rommet, parameterisert av tida. Den klassiske snøggleiken er endringa av romkoordinatane til ein lekam med omsyn på tida. Den klassiske snøggleiken til ein lekam er ein tangentvektor til denne kurva.

Firarsnøggleiken til verdslinja 𝐱(τ) er definert som:

𝐔=d𝐱dτ

der τ er eigentida.

Storleiken av denne tidrom-farten er alltid lik lysfarten. Vi rører oss både gjennom tid og rom. Jo raskare vi rører oss gjennom rommet dess langsamare rører vi oss i tidretninga. Dette tyder at lekamar som rører seg raskt gjennom rommet, eldast langsamare.

Sjå òg

Kjelder

Mal:Refopning

Mal:Fotnoteliste

Mal:Refslutt