Fraksjonskropp

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Fraksjonskroppen eller brøkkroppen til ein heiltalsring R er den minste kroppen som har R som ein underring. Til dømes er kroppen av rasjonelle tal brøkkroppen til heiltalsringen av heiltal; me skriv ={0}={mn:m,n{0}}.

Konstruksjonen av ein fraksjonskropp

La R vera ein kommutativ ring med additiv identitet 0. Då er mengda S=R{0} multiplikativt lukka. Me definerer ein ekvivalensrelasjon ~R×S slik at :(a,s) ~ (b,t) dersom og berre dersom at=bs. Vidare let me as vera ekvivalensklassa til (a,s). Då er K={as:aR,bS} fraksjonskroppen til R, med operasjonane

as+bt=at+bsst og
asbt=abst

og nullelement 0/1 og multiplikativ identitet 1/1.