Grensevinkel

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Illustrasjon av Snell-lova

Grensevinkel eller ein kritisk vinkel er i optikken den innfallsvinkelen som gjev ein brytingsvinkel på 90° når lys går frå eit optisk tettare til eit optisk mindre tett medium. Medan ein for innfallsvinklar mindre enn grensevinkelen har både bryting og refleksjon, får ein for større innfallsvinklar berre refleksjon, totalrefleksjon. Ein kan bruke Snell-lova til å finne grensevinkelen

Snell-lova seier

n1sinθi=n2sinθt.

Om ein omarrangerer lova får ein

sinθi=n2n1sinθt.

For å finne grensevinkelen må vi finne verdien for θi når θt=90° og dermed sinθt=1. Verdien ein får for θi er lik grensevinkelen θc.

No kan vil løyse for θi, og får likninga for grensevinkelen:

θc=θi=arcsin(n2n1),

Prinsippet for totalrefleksjon blir utnytta i samanhengar der ein ynskjer minimal reduksjon i lysintensiteten. I reflekskamera er det vanleg å bruke totalreflekterende prisme i staden for spegel. Innanfor moderne dataoverføring inntar optiske fibrar ein stadig breiare plass. Her blir ljoset inne i dei tynne fibrane totalreflektert mot overflata (sjå optisk fiber).

Kjelder