Hn/Desibel

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Nynorsk

Desibel, dB er ei måleeining som segjer noko um tilhøvet millom tvo verde. Måleeiningi vert serleg mykje nytta i akustikk og elektronikk. Mest kjent er det kanskje at ein mæler ljodnivå i desibel. Sidan desibel er eit tilhøvestal, vert einingi dimensjonslaus. Desibel er ikkje ei SI-eining.

Ljodintensitet kann uttrykkjast med formelen under:

IdB=10log10(II0)
her er I0 den lægste ljoden ein kann høyre, og I er intensiteten åt den ljoden ein mæler.

Tilhøvet millom tvo spenningsverde kann uttrykkjast slik:

VdB=20log10(V1V0)=10log10(V12V02)

I elektronikken talar ein ofte um dB-milliwatt (dBm) eller dB-mikrovolt (dBuV). dB-milliwatt er effekt relativt til ein milliwatt med dB-mikrovolt er spenning relativt til ein mikrovolt.

Samanhengen millom effektforsterking og spenningsforsterking

Dersom me set upp inngangseffekten i eit forsterkarsteg som

Pinn=Vinn2/Rinn

og på same måten utgangseffekten som

Put=Vut2/Rut

kann me skriva effektforsterkingi som

Put/Pinn=(Vut2Rinn)/(Vinn2Rut)

Forsterkingi i dB vert då

N(dB) = 10log10((Vut2Rinn)/(Vinn2Rut))=20log10(Vut/Vinn)+10log(Rinn/Rut)