Imaginært tal

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit imaginært tal er definert som eit tal som er slik at når det vert kvadrert (ganga med seg sjølv), så vert det eit negativt reelt tal. Når reelle tal vert kvadrert, vert dei aldri mindre enn null, medan kvadratet av eit imaginært tal alltid er eit negativt reelt tal. Imaginære tal har forma ib kor b er eit reelt tal ulik null og i er den imaginære eininga, definert slik at i2=1.[1]

Eit imaginært tal a kan leggast til eit reelt tal Mal:Matte og danne eit komplekst tal på forma a+ib, kor a og b vert kalla høvesvis den reelle delen og den imaginære delen av det komplekse talet. Imaginære tal kan derfor reknast som eit komplekst tal ulik null, kor den reelle delen er lik null. Namnet «imaginært tal» vart opphavleg gjeven på 1600-talet som eit nedsettande uttrykk sidan slike tal vart rekna som falske eller unyttige, men i dag er dei ein viktig del i konkrete bruksområde i vitskap og ingeniørkunst.

Kjelder

Mal:Fotnoteliste