Isentalpisk prosess

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein isentalpisk prosess eller isoentalpisk prosess er ein prosess som skjer utan endringar i entalpi, H; eller spesifikk entalpi, h.[1]

I ein stasjonær prosess, kan signifikante endringar i trykk og temperatur skje i ei væske og prosessane kan likevel vere isentalpiske om det ikkje er overføring av varme til eller frå omgjevnadane, ikkje noko arbeid utført på eller av omgjevnadane og det ikkje er noko endring i den kinetiske energi til væska.[2]

Strupeprosessen er eit godt døme på ein isentalpisk prosess. Tenk at ein løftar ein trykkavgrensingsventil eller sikringsventil i ein trykkbehaldar. Den spesifikke entalpien til væska inne i behaldaren er den same som den spesifikke entalpien til væska når han kjem ut frå ventilen.[2] Kjenner ein den spesifikke entalpien til væska og trykket utanfor behaldaren, er det mogeleg å rekne ut temperaturen og snøggleiken til væska når ho kjem ut.

I ein isentalpisk prosess:

  • h1=h2
  • dh=0

Isentalpiske prosessar i ein ideell gass følgjer isotermar sidan dh=0=cpdT.

Sjå òg

Kjelder

Mal:Refopning

Mal:Refslutt Mal:Fotnoteliste

  1. Mal:Cite book
  2. 2,0 2,1 G.J. Van Wylen and R.E. Sonntag, Fundamentals of Classical Thermodynamics, Section 5.13 (3. utg)