Isobar prosess

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Det gule området er arbeidet som er gjort

Ein isobar prosesss er ein termodynamisk prosess der trykket er konstant, ΔP=0. Varmen som blir overført til systemet gjer eit arbeid, men endrar òg den indre energien til systemet:

Q=ΔU+W

ifølgje termodynamikken si første lov der W er arbeidet gjort av systemet, U er indre energi, og Q er varme. Trykk-volum arbeid (av systemet) er definert som:

W=PΔV

men sidan trykket er konstant betyr dette at

W=Δ(PV).

Ved å bruke den ideelle gasslova får vi

W=nRΔT

når mengda av gass er konstant (til dømes ved at det ikkje skjer faseendringar). Sidan det generelt er slik at

ΔU=ncVΔT

så kan ein sette dei to siste likningane inn i den første likninga:

Q=ncVΔT+nRΔT
=n(cV+R)ΔT.

Storleiken i parentes er den spesifikke varmen ved konstant trykk:

cp=cV+R

og visst gassen likninga gjeld for er einatomisk er cV=32R og cp=52R.

Entalpi

Ein isokor prosess er skildra som Q=ΔU. Ein kan få ei liknande likning for isobare prosessar. Om ein set inn den andre likninga i den første får ein

Q=ΔU+Δ(PV)=Δ(U+PV)

Storleiken U + P V er ein tilstandsfunksjon kalla entalpi, og blir uttrykt som H. Derfor kan ein skildre ein isobar prosess som

Q=ΔH.

Sjå òg