Isotophydrologi

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Isotophydrologi er ei grein innan hydrologien der ein nyttar isotopinnhaldet i is, flytande vatn eller vassdamp til å rekna ut alderen eller opphavet til vatnet. I paleoklimatologien kan ein ved hjelp av isotopanalyse attskapa forhistoriske klima.[1]

Skildring

Vassprøver har unike fingeravtrykk, dels fordi dei har forskjellige delar oksygen- og hydrogenisotopar. Isotopar er variantar av same grunnstoff med eit anna tal nøytronar i kjernen.

Luft, jord og vatn inneheld hovudsakleg oksygen 16 (A16A2216O), men oksygen 18 (A18A2218O), som har to ekstra nøytronar, utgjer om lag to promille. Denne isotopen er noko tyngre og vil føretrekka den flytande fasen framfor å fordampe. Ein seier at isotopen vert fraksjonert, sidan dampen får eit lægre isotopinnhald enn væska. Saltvatn plar difor å vera rikare på A18A2218O enn vassdamp og nedbør.[2]

Kjelder

Mal:Referansar