Kalsium

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Grunnstoff

Kalsium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Ca og atomnummer 20. Det høyrer til jordalkalimetalla og er plassert i gruppe 2 og periode 4 i periodesystemet.

Særlege kjenneteikn

Kalsium er eit gråaktig metall.

Bruk

Kalk (kalsiumhydroksid, Ca(OH)2) blir mellom anna brukt til kalking av vassdrag, dyrkbar jord og grasplenar for å redusera syrenivået (auka pH-en) og dermed betra levekåra for fisk og nyttevekstar.

Kalsiumoksid vert nytta i stålproduksjon.

Historie

Sambindingar av kalsium har vore kjende i lang tid. Kalsiummetall vart isolert første gong i 1808. Sir Humphrey Davy gjorde dette ved elektrolyse av ein blanding av kalsiumoksid og kvikksølvoksid.

Biologisk rolle

Kalsium er viktig for plantar og dyr. Tenner og skjelett er for ein stor del bygd opp av kalsiumfosfat.

Mennesket sitt dagsbehov av kalsium er mellom 800 og 1500 mg.

Førekomst og framstilling

Kalsium er det femte vanlegaste grunnstoffet på jorda. Det vert for det meste funne som kalsiumkarbonat.

Kjemi og sambindingar

Ved romtemperatur reagerer kalsium sakte med luft, men ved høg temperatur brenn metallet kraftig og kalsiumoksid (CaO) vert danna.

2Ca(s)+O2(g)>2CaO(s)

Kalsiumhydroksid (Ca(OH)2) og Kalsiumkarbonat (CaCO3) er andre viktige sambindingar.

Isotopar

Tryggleik / Forholdsreglar

Sjå også

Referansar

Mal:Commons2

Mal:Kjemispire Mal:Autoritetsdata