Kartesisk produkt

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

I matematikk er det kartesiske produktet av to mengder A og B, mengda av alle par av element, (a,b), der aA og b ∈ B. Denne mengda vert skriven A × B, og med matematisk notasjon skriv ein

A×B={(a,b)|aA,bB}.

Ein kan òg definere det kartesiske produktet for fleire enn to mengder. Viss A1, …, An er mengder, så er det karteiske produktet samansett av alle n-tupler, det vil seie alle moglege kombinasjonar (a1,…,an), der kvar aiAi. Dette vert skrive

i=1nAi=A1×...×An:={(a1,...,an)|aiAii=1,...,n}.

Viss alle Ai’ane er den same mengda A, kan ein òg skrive An for det kartesiske produktet A1×...×An.

Omgrepet «kartesisk» kjem frå «Cartesius», den latiniske forma av namnet til den franske matematikaren og filosofen René Descartes (1596-1650).