Lengdekontraksjon

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Lengdekontraksjon eller Lorentzkontraksjon er eit fysisk fenomen skildra av Hendrik Lorentz der lengda som ein observatør observerer av ein lekam i fart minkar. Denne kontraksjonen, òg kalla Lorentz–FitzGerald-kontraksjon, er vanlegvis først merkbar når lekamen kjem opp i ein vesentleg fart som nærmar seg lysfarten. Effekten kan neglisjerast for snøggleikar ein opplever i kvardagen og kan derfor ignorerast for dei fleste føremål. Effekten vert først viktig i stor fart. Med ein fart på 13 400 000 m/s (0,0447Mal:Math) er lengda 99,9% av lengda til lekamen i ro; med ein fart på 42 300 000 m/s (0,141Mal:Math), er lengda framleis 99%. Etter kvart som farten nærmar seg lysfarten vert effekten meir dominerande, som ein kan sjå av formelen:

L=L0γ(v)=L01v2/c2

der

Mal:Math er eigenlengda (lengda til lekamen i ro),
Mal:Math er lengda ein observatør observerer når dei to er i rørsle i forhold til kvarandre,
Mal:Math er den relative snøggleiken mellom observatøren og lekamen,
Mal:Math er lysfarten,

og Lorentzfaktoren, Mal:Math, er definert som

γ(v)11v2/c2 .

I denne likninga seier ein at lekamen er parallell med linja han flyttar seg langs.

Sjå òg

Kjelder

Mal:Fotnoteliste