Matematisk induksjon

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Matematisk induksjon er ein metode nytta for matematiske bevis, vanlegvis for å vise at eit visst uttrykk gjeld for alle naturlege tal. Dette er gjort med å vise at det første uttrykket i ei uendeleg rekkje av uttrykk er sann, og så vise at eit vilkårleg uttrykk i den uendelege rekkja er sann, og til slutt det neste uttrykket i rekkja.

Denne metoden kan utvidast til å bevise uttrykk som gjeld meir generelle velfunderte strukturar, slik som for tre i mengdelære. Denne generaliseringa vert kalla strukturell induksjon og vert nytta i matematisk logikk og datavitskap.

Døme

Her skal vi vise at summen for alle naturlege tal kan skildrast som:

1+2+3+...+n=n(n+1)2, der n er eit naturleg tal.

Første skritt er å vise at uttrykket gjeld for 1.

n(n+1)2(1)(1+1)2=1n=1. Dermed har vi vist at uttrykket gjeld for n=1.

Neste skritt er å vise at om uttrykket gjeld for n=k, medfører det at uttrykket òg gjeld for n=k+1.

  • Antar: 1+2+3+...+k=k(k+1)2

Legg til k + 1 på begge sider og får:

1+2++k+(k+1)=k(k+1)2+(k+1)

Reknar ut høgresida:

=k(k+1)2+2(k+1)2=(k+2)(k+1)2=(k+1)(k+2)2=(k+1)((k+1)+1)2.

Dermed har vi:

1+2++(k+1)=(k+1)((k+1)+1)2

og beviset er ferdig. Vi har no vist at uttrykket gjeld for n=1, og at om uttrykket gjeld for k, medfører det at uttrykket òg gjeld for k+1. Induksjonsprinsippet seier dermed at uttrykket gjeld for alle naturlege tal n1.