Mekanisk impedans

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Mekanisk impedans er eit mål på motstanden ein mekanisk struktur gjer når han vert utsett for ei kraft f, og er definert til tilhøvet

Zmek(s)=F(s)U(s),

der F(s) og U(s) er Laplace-transforma av krafta f(t) respektivt farten u(t). Grunnen til at ein tek Laplace-transforma av dei to tids-domene-storleikane f(t) og u(t) er at impedansen er frekvensavhengig. Parameteren s=σ+jω er kompleks frekvens (med SI-eining rad/s), med realdel σ og imaginærdel s=jω. Etter som krafta F(s) har eining N og farten U(s) har eining m/s, får mekanisk impedans eininga Ns/m. Mekanisk impedans er nyttig i samband med til dømes vibrasjonsanalyse, modellering av elektromekaniske transduserar, osb.