Obukhovlengda

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Obukhovlengda eller Monin-Obukhov lengda er høgda over bakken der turbulens produsert av vertikalt vindskjer er i balanse med stabile luftforhold som motverkar oppdrift. Det vil sei høgda der Richardsontalet er lik 1:

L=u3θ¯vkg(w¯'θ¯v')

der u er friksjonsfarten, θ¯v er den midla potensielle virtuelle temperaturen, w¯' er perturbasjonen av skalar fart, g er tyngdeaksellerasjonen og θ er ein potensiell temperaturskala (k). Dette kan gjerast enklare ved å bruke likskapsteoritilnærminga :

(w'θv')suθ

som gjev:

L=u2θ¯vkgθ

Parameteren θ er proporsjonal med θ¯v(zr)θ¯v(z0,h) som er den vertikale skilnaden i potensiell virtuell temperatur. Jo større θ¯v ved høgda Z0,h i forhold til verdien ved høgda Zr , jo meir negativ er endringa av θ¯v med høgda, og jo større er instabiliteten i overflatelaget. I slike tilfelle er L litt negativ, sidan den er omvendt proporsjonal til u. Når L er litt negativ så er zL mykje negativ. Slike verdiar av zL gjev stor instabilitet på grunn av oppdrift. Positive verdiar av zL samsvarar med aukande θ¯v med høgda og stabil lagdeling.