Permutasjon

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei seks mogelege permutasjonane, eller rekkefølgjene av tre ballar.

I matematikk er ein permutasjon (frå latin for 'omstokking') ei spesifikk rekkjefølgje av elementa i ei liste. Eit døme på ein permutasjon finn ein i kortspel. Dei 52 korta i ein kortstokk ligg ordna etter kvarandre. Kvar gong ein stokkar korta, vert rekkjefølgja endra, og dermed får ein då ein ny permutasjon av korta.

For kvar ei mengd med n element, finst det nøyaktig n! (n fakultet) ulike permutasjonar av denne mengda. Dette er medrekna den permutasjonen ein får ved å ikkje stokka om på elementa i det heile. Fakultet er ein funksjon som veks svært fort; til dømes er 52!, talet på permutasjonar av ein kortstokk, eit tal med 68 siffer.

Definisjon

Dei to følgjande definisjonane av ein permutasjon er ekvivalente:

  • I kombinatorikk er ein permutasjon definert som ei ordning av elementa i ei mengd. Til dømes er (b,c,a) og (c,b,a) to ulike permutasjonar av mengda {a,b,c}.
  • I gruppeteori er ein permutasjon ei bijektiv avbilding mellom ei mengd og seg sjølv.

Kjelder

Mal:Autoritetsdata