Perturbasjon i fysikk

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein perturbasjon er i fysikk ei lita forstyrring av ein enkel, veldefinert rørsletilstand. Perturbasjonsmetoden blir brukt i teoretisk fysikk, særleg i kvantemekanikk, som ein approksimasjonsmetode for å løyse problem som ikkje lèt seg løyse eksakt. Ein finn ei løysing for det reine, uperturberte systemet og studerer verknaden av perturbasjonen ved hjelp av rekkjeutviklingar, der ein ved stadig å ta med fleire ledd kjem nærare og nærare den eksakte løysinga.

Ein approksimasjon for den eksakte løysinga til A er summen av ei rekkje av perturbasjonar (her kalla ϵ), som følgjer:

A=A0+ϵ1A1+ϵ2A2+

I dette døme er A0 den kjende løysinga til det eksakt løysbare startproblemet og A1, A2,... representerer høgareordensledd som ein kan finne ved iterasjonsmetodar. For små ϵ ver desse høgarordensledda i rekkja mindre og mindre for kvart nye ledd. Ei tilnærma «perturbasjonsløysing» får ein ved å avbryte rekkja. Ein førsteordens perturbasjon vil då vere:

AA0+ϵA1

Kjelder

Mal:Refopning


Mal:Refslutt Mal:Autoritetsdata