Reynolds-dekomponering

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Reynolds-dekomponering er ein matematisk teknikk nytta i væskedynamikk og turbulensteori for å skilje middelet og dei fluktuerande delane av ein storleik. Ei slik dekomponering av ein storleik skriv ein slik:

u(x,y,z,t)=u(x,y,z)+u(x,y,z,t)

der u gjev tidsmiddelet av u (ofte kalla den stasjonære komponenten) og u er den fluktuerande delen (eller perturbasjonar). Perturbarsjonane er definert slik at gjennomsnittet deira over tid er lik null.

Dette gjer at ein kan forenkle Navier-Stokes-likningane ved å erstatte summen av dei stasjonære komponentane og perturbasjonane til snøggleiksprofilet og ta gjennomsnittverdien av dette. Likninga ein då får inneheld eit ikkje-lineært ledd kalla reynoldsstress som er opphav til turbulens.

Sjå òg

Kjelder