Rossbyparameter

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Rossbyparameteren er eit tal som blir brukt i oseanografi og meteorologi. Talet oppstår i samband med at corioliskrafta varierer med breiddegraden, og er viktig i danninga av rossbybølgjer.

Rossbyparameteren β er gjeven ved likninga:

β=1addϕ(2ωsinϕ)=2ωcosϕa

Der ϕ er breiddegraden, ω er vinkelfarten til jordrotasjonen og a er den gjennomsnittlege jordradiusen.

Sjølv om begge involverer corioliseffektar, skildrar rossbyparameteren endringa av effekten med breiddegraden, og må ikkje forvekslast med rossbytalet.