Sirkel

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sirkel
Sirkel med omkrinsen markert.
Sirkel med ulike sirkeldelar markert: Boge, sektor og segment.

Ein sirkel er ei geometrisk form, ei lukka kurve, der alle punkta på kurva er like langt frå eit fast punkt, sentrum. Avstanden frå eit vilkårleg punkt på sirkelen til senteret blir kalla radius. Avstanden frå eit punkt på sirkelen til det motståande punktet på sirkelen, altså lengda til ei linje dratt som ein rett linje gjennom sentrum, blir kalla diameter. Diameteren er like lang som to radiusar.

Omkrinsen til ein sirkel er 2π gonger radiusen:

O=2πr

Arealet av ein sirkel er π gonger kvadratet av radiusen:

A=πr2

Ein del av ein sirkel blir kalla ein sirkelboge.

Sjå au

Bakgrunnsstoff

Mal:Commons

Mal:Autoritetsdata