Steradian

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Grafisk representasjon av steradian.

Steradian (ste frå gresk στερεός (stereos), «solid», «romleg») er ein avleia SI-eining for måling av romvinkel, og er den tredimensjonale varianten av radian. Symbolet for steradian er sr.

Éin steradian er den romvinkelen som med toppunkt i sentrum av ei kule med radius r avgrensar eit areal av kuleoverflata som er lik r2. Ettersom arealet av overflata av ei kule er 4πr2, måler ei kule 4π steradianar.

Mal:SI