Transformator

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Fig. 1 Døme på små effekttransformatorar.

Transformator er ein elektomagnetisk komponent som vert nytta for impedansetransformasjon, som tilsvarar at spenninga eller straumen vert transformert opp eller ned. Om spenninga vert transformert opp vert straumen transformert ned, eller motsett.

Grunnleggande oppbygging og verkemåte

Fig. 2 Transformator.

Transformatorar er bygd opp med to galvanisk isolerte krinsar som er kopla saman med ein magnetisk fluks. Dei to krinsane, som vert kalla primærkrins og sekundærkrins, har kvar sin spole som er vikla rundt eit materiale med liten reluktans (kalla transformatorkjernen), som den magnetiske fluksen fylgjer, Fig. 2.

Fluksen i den magnetiske krinsen

ϕ=N1i,

der N1 er vinningstalet i primærspolen, i er straumen i primærspolen og er reluktansen til transformatorkjernen. Fluksen fylgjer den magnetiske leiaren (transformatorkjernen), slik at same fluksen går gjennom begge spolane. I sekundærkrinsen induserer fluksen (i fylgje Faradys lov) ei spenning

v2=N2dΦdt,

der N2 er vinningstalet i sekundærviklinga og dΦdt er den tidsderiverte av fluksen. Forholdet mellom spenningane i sekundær- og primærkrinsen kan difor uttrykkast

v2v1=N2N1.

Ideell transformator

Ein ideell transformator er ein forenkla modell av ein transformator som ikkje har tap. Fig. 3 syner ein ideell transformator med ein lastimpedans ZL i sekundærkrinsen. Straumen i lastmotstanden

i2=V2ZL.

Ein ideell transformator har ikkje tap, så effekten i sekundærkrinsen må vera lik effekten i primærkrinsen:

P1=P2,

som er det same som at

v1i1=v2i2.

Ved å kombinera likningane kjem ein fram til fylgjande samanhengar for ein ideell transformator:

v2v1=i1i2=N2N1.

Om N2>N1 vert spenninga transformert opp (v2>v1) og straumen vert transformert ned (i2>i1).

Lastimpedansen sett frå primærsida kan uttrykkast

ZL'=v1i1=v2(N1N2)i2(N2N1)=(v2i2)(N1N2)2=ZL(N1N2)2.

På same måte kan kildeimpedanse Zk sett frå sekundærsida uttrykkast

Zk'=Zk(N2N1)2.

Ein ser at spenningar og straumar vert transformerte med omsettingsforholdet N2N1, medan impedansar vert transformerte med kvadratet av omsetningsforholdet.

Ulike typar transfomatorar

Effekttransformatorar

Signaltransformatorar

Mal:Elektrofag

Mal:Spire Mal:Autoritetsdata