Unruh-effekt

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Unruh-effekt (stundom Fulling–Davies–Unruh-effekt) er ein hypotese om at ein observatør som akselererer vil observere svartlekamstråling der ein observatør i eit tregleikssystem ikkje ville ha observert dette. Med andre ord verkar bakgrunnen varm i eit akselerert referansesystem. Sagt på ein annan måte ville eit termometer som vart veifta kring i tomt rom ha registrert ein temperatur som var ulik null.

Unruh-effekten vart først skildra av Stephen Fulling i 1973, Paul Davies i 1975 og W. G. Unruh i 1976.[1][2][3] Det er for tida ikkje klårt om Unruh-effekten faktisk er blitt observert, sidan påståtte observasjonar er omstridde. Det er òg noko tvil om Unruh-effekten indikerer at det finst Unruh-stråling.

Likninga

Unruh-temperaturen, som William Unruh rekna ut i 1976, er den effektive temperaturen som ein akselerert detektor måler i eit vakuumfelt. Han er gjeven av[4]

T=a2πckB,

der a er den lokale akselerasjonen, kB er Boltzmannkonstanten, er redusert Planck-konstant, og c er lysfarten. Altså ville ein sann akselerasjon på 2,5 × 1020 m s−2 tilsvare ein temperatur på 1 K.

Unruh-tempeaturen har same forma som Hawking-temperaturen TH=g/(2πckB) i eit svart hol, som Stephen Hawking kom fram til sjølvstendig kring same tid. Han vert derfor stundom kalla Hawking–Unruh-temperaturen.[5]

Sjå òg

Kjelder

Mal:Fotnoteliste