Derivator

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Derivator bygd rundt ein operasjonsforsterkar.

Derivator er ein komponent som deriverer ei elektrisk spenning. Dei er som oftast bygd rundt ein operasjonsforsterkar[1].

Analyse i tidsplanet

Kondensatoren blokkerer likestraum, så inngangsstraumen iinn fører til at kondensatoren får ei ladning

Q=CuC,

der uC er spenninga over kondensatoren. Utgangsspenninga kan uttrykkast

uo=iRRf=iinnRf.

Men etter som

Q=iCdt

kan straumen uttrykkast

iC=dQdt,

og utgangsspenninga kan uttrykkast

uo=iRRf=iCRf=dQdtRf=RfCddt(uinn).

Krinsen finn den deriverte (stigningskoeffisienten) til inngangsspenninga uinn. Tidskonstanten RfC bestemmer kor følsam derivatoren er.

Frekvensrespons

Frekvensrespons for derivator og HP-filter.
HP-filterkrins.

Derivasjon i tidsplanet tilsvarar multiplikasjon med s i s-planet, så transferfunksjonen til derivatoren blir

H(s)=(uo(t))=Uo(s)=(RfC)Uinn(s)s,

der er Laplace-operatoren. Parameteren s=σ+jω er kompleks frekvens, der σ er demping, j=1 og ω er frekvens, i rad/s.

For å finna frekvensresponsen set vi σ=0, slik at s=jω. Vi plottar så talverdien

|H(s)|=Uo(ω)=(RfC)Uinn(ω)ω

med logarithmisk frekvensakse og med talverdien i dB. Frekvensresponsen til derivatoren aukar med 20 dB/dek. Derivatoren blokkerer likespenning.

Modifikasjon for å redusera høgfrekvent støy

At frekvensresponsen til derivatoren aukar med 20 dB/dek fører til at eventuell høgfrekvent støy blir forsterka. I mange samanhengar er dette problematisk og ein ynskjer å avgrensa responsen i høgfrekvensområdet. Det gjer ein ved å setta inn ein seriemotstand Rinn på inngangen. Ein får då eit HP-respons.

Bruk

Derivatorar ei elektroniske byggeklossar som inngår i mange ulike krinsar, som til dømes kurvegeneratorar, detektorar i form av enkle matsja filter nytta i samband med telekommunikasjon, osb.

Referansar

Mal:Kjeldeliste

Sjå òg

Mal:Autoritetsdata

  1. Floyd, T.L., Electronic devices, 10. utg., Pearson, 2018.