Distributivitet

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Distributivitet eller den distributive lova er ein algebraisk relasjon som knyter saman addisjon og multiplikasjon:

 a(b+c)=ab+ac

Vi seier at multiplikasjon er distributiv med omsyn til addisjon. Meir generelt snakkar vi om den distributiv lova kvar gong vi har ein algebraisk relasjon som over, sjølv om operasjonane · og + kan vere andre operasjonar enn vanleg multiplikasjon og addisjon av tal, sjå ring.

Ein seier vidare at den binære operasjonen venstredistribuerer over ein binær operasjon + dersom a(b+c)=ab+ac og høgredistribuerer over ein binær operasjon + dersom (a+b)c=ac+bc for alle a, b og c. distribuerer over + dersom han er både venstre- og høgredistributiv. Ein algebraisk struktur er distributiv dersom han har ein binær operasjon som distribuerer over ein annan.

Kjelder