Divisjon i matematikk

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
20÷4=5

Divisjon eller deling i matematikk er ein av dei fire rekneartane i aritmetikken og er den omvendte operasjonen av multiplikasjon. Når ein utfører ein divisjon kallar ein det å dividere.

Når ein dividerer finn ein det talet, kvotienten eller brøken som gjev kor mange gonger eit visst tal, divisor eller nemnaren, finst i eit anna gjeve tal, dividenden eller teljaren. Å

Viss c gonger b er lik a, skriven:

cb=a

der b ikkje er null, så er a dividert med b lik c, skriven:

ab=c

Til dømes

63=2

sidan

2×3=6.

I uttrykket over vert a kalla dividenden, b divisor og c kvotienten.

Uttrykket kan òg skrivast

a÷b=c eller berre a:b=c

Divisjon med null er ikkje definert, og det er derfor ikkje mogeleg å dele på null.

Kjelder

Mal:Refslutt

Mal:Autoritetsdata