Faradays induksjonslov

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Elektromagnetisme Faradays induksjonslov er ei lov oppdaga i 1831 av Michael Faraday.

Ho seier at når den magnetiske fluksen (mengda magnetiske induksjonslinjer) gjennom ein straumkrins vert endra, blir det i krinsen indusert ein elektromotorisk spenning som er proporsjonal med den farten fluksen endrar seg med, det vil sei endring per tidseining av mengder induksjonslinjer gjennom krinsen.

Dette er eit grunnleggande prinsipp i transformatorar, induktorar og mange typar elektriske motorar og generatorar.[1]

Matematisk skildring

=dΦBdt

der er elektromotorisk spenning (den induserte spenninga), ΦB er endring i magnetisk fluks og  dt er endring i tid.

Lova seier altså at total elektromotorisk spenning indusert i ein spole med éi vinding i eit magnetisk felt er lik minus endringa i magnetisk fluks gjennom ein spole, delt på endring i tid. Dersom spolen har meir enn éi vinding, gangast uttrykket med talet på vindingar, altså

= N dΦBdt

der N er mengda vindingar.

Notasjon

Ein meir formell måte å skrive Faradaylova på ser slik ut:

C𝐄d𝐥= ddtS𝐁d𝐀

som følgje av at definisjonen av elektromotorisk spenning er:

=C𝐄d𝐥

Denne kan igjen omskrivast ved hjelp av Stoketeoremet til forma:

×𝐄=𝐁t

Det er ofte denne siste forma ein møter på når ein ser omtalt dei fire maxwell-likningane.

Kjelder

Mal:Fotnoteliste

de:Elektromagnetische Induktion#Induktionsgesetz in Integralform