Hausdorffrom

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit topologisk rom X er eit hausdorffrom (ein seier også at X er hausdorff eller at X er separert) viss kvart par av distinkte punkt i X kan bli separert.

Definisjon

La X vera eit topologisk rom. Hugs at ein omegn av eit punk xX er ei open mengd UX slik at xU. Me seier at X er hausdorff viss for kvart par av punkt x,yX finst to disjunkte omegnar U og V rundt høvesvis x og y, altså at UV=. To punkt x og y er separerbare viss det finst slike omegnar U og V.

Eksempel

La X={a,b,c}.

  • 𝒯={,X,{a,b},{c}} er ein topologi på X, men 𝒯 er ikkje hausdorff då a og b ikkje er separerbare
  • 𝒯=2X er openbert hausdorff: kvart punkt xX har den opne omegnen {x}. Faktisk, for ei kvar mengd Y definerer den diskrete topologien 𝒮=2Y ein hausdorff topologi på Y.
  • Viss Y er ei mengd med meir enn eitt punkt, så er den udiskrete topologien 𝒯={,Y} ikkje hausdorff

Kjelder

Mal:Matematikkspire