Hypsometrisk likning

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Hypsometrisk likning er ei likning som gjev forholdet mellom lufttrykket og tjukkleiken av eit atomsfærelag så lenge ein har konstant temperatur og gravitasjon. Likninga vert utleidd av hydrostatisk likning og den ideelle gasslova.

 h=z2z1=RTgln[P1P2]

der:

 h = Tjukkleiken på laget i meter
 z = Geopotensiell høgd i meter
 R = Gasskonstant for tørr luft
 T = Temperatur i kelvin
 g = Tyngdeakselerasjon
 P = Trykk

I meteorologi er P1 og P2 isobarflater og T er middeltemperaturen i laget mellom dei. I høgdemåling med Internasjonal Standard Atmosfære vert den hypsometriske likninga brukt til å rekne ut ei gjeve geopotensiell høgd i isoterme lag i den øvre og lågare stratosfæren.

Utleiing

Hydrostatisk likning:

 P=ρgz

der  ρ er tettleik, vert brukt som likning for hydrostatisk likning, skriven på differensialform:

dP=ρgdz

som kombinert med den ideelle gasslova

 P=ρRT

for å elliminere  ρ vert:

dPP=gRTdz

Denne vert integrert frå  z1 til  z2:

 p(z1)p(z2)dPP=z1z2gRTdz.

Ved å integrere venstre sida får ein: ln(P(z2)P(z1)).