Potensmengd

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Potensmengden til ei gitt mengd X består i matematikken av alle delmengder av X. Me skriv often potensmengden til ei mengd X som anten 2X eller 𝒫(X).

Fleire matematiske strukturar på ei mengd X er definert som delmengder av 2X som oppfyller visse krav. Sjå til døme topologiske rom og σ-algebra

Definisjon

La X vera ei mengd. Formelt kan me definere potensmengden 2X til X som følgjer:

2X={A|AX}

Me ser med det same at både X sjølv og den tomme mengda er i 2X.

Eksempel

La X={a,b}. Potensmengda til 2X består av alle fire delmengda til X. Desse er

,X,{a},{b}

Generelt, viss X er ei mengd med n element, så har 2X 2n element.

Eit interessant tilfelle er 2. Denne mengda består av {}.

Resultat

Georg Cantor har prova at potensmengda til ei kvar mengd X er større enn (har større kardinalitet enn) X sjølv.

Mal:Matematikkspire