Signal-til-støy-tilhøve

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Signal-til-støytilhøve (på engelsk ofte forkorta SNR, Signal-to-Noise ratio) er tilhøvet mellom effekta til eit signal og effekta til støyen. For at ein skal kunne kjenne igjen eit signal er det viktig at det ikkje forsvinn i bakgrunnsstøy. SNR er ein viktig parameter innan signalhandsaming, elektronikk, akustikk, telekommunikasjon, informasjonsteori, osb.

Signal-til-støytilhøve blir definert som

SNR=PsPn,

der Ps er effekta i signalet og Pn er effekta i støyen. På grunn av at signal-støytilhøve kan variera over eit stort område uttrykkjer ein det som oftast i dB:

SNRdB=10log10(PsPn)=20log10(AsAn),

der As er RMS-verdien til signalamplituden (spenning eller straum) og An er RMS-verdien til støyamplituden. Både signal- og støyeffekt må målast innanfor bandbreidda til systemet.

Mal:Autoritetsdata