Trykkoordinatar

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Trykkoordinatar er eit koordinatsystem der lufttrykket vert nytta som vertikal koordinat i staden for høgd eller geopotensiell høgd. Omforminga frå (x,y,z) til (x,y,p) er nyttig sidan storskala atmosfæriske luftrørsler er hydrostatiske og at det dermed er eit eintydig og særs enkelt forhold mellom trykk og høgd. I tillegg vil flater med konstant trykk vere så flate at den horisontale fordelinga av vind og temperatur er omtrent den same på ei konstant trykkflate som på ei konstant høgdeflate.

I trykkoordinatsystemet er ikkje den horisontale og den vertikale vindkomponenten ortogonale. Den vertikale vindkomponenten kan skrivast som:

ωdpdt

ω har ofte eininga hPa per dag. Merk at når ω er positiv svarar dette til søkkande rørsle, og negative verdiar svarar til stigande rørsle.

Det kan visast at

ωρg0w=wpH

der H er skalahøgda, ρ er tettleiken og g er tyngdeakselerasjonen.

H=pρ0g0

Kjelder