Lenz-lova

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Lenz-lova er ein regel i elektrisitetslæra som seier at når det induserast ein elektrisk straum i ein leiar, har straumen alltid ein slik retning at verknadene av han vil motverke årsaka til at straumen vart indusert. Om induksjonsen til dømes kjem av rørsla av ein magnetpol i nærleiken av ein leiar, så vil straumen som blir indusert i leiaren, skape eit magnetisk kraftfelt med retning slik at det motverkar rørsla av magnetpolen.

Lenz-lova kjem av Le Chatelier-prinsippet og gjev uttrykk for stabiliteten i naturen. Lova vart først formulert av den russiske fysikaren Heinrich Lenz (1804–65).

Lenz-lova er synt med minusteiknet i Faradays induksjonslov, =NΦBt, som indikerer at den induserte emfen () og endringa i den magnetiske fluksen (ΦB) har motsett forteikn.[1]

Kjelder

Mal:Fotnoteliste

Bakgrunnsstoff