Reaktiv last

Frå testwiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kompleks impedans dekomponert i ein Ohmsk motstand R og ein reaktiv del X.

Reaktiv last eller blindlast er den reaktive delen av ein elektrisk impedans[1][2]. Omgrepet er mest nytta i samband med vekselstraumsystem. Reaktiv impedans kan vera induktiv eller kapasitiv og absorberer ikkje energi. I staden blir energien mellombels lagra i den reaktive delen av impedansen. Elektriske maskinar, som transformatorar og motorar, trekkjer ein straum som er ortogonal med spenninga (faseforskyvd 90° i høve til spenninga), som tener til å bygga opp magnetfelta i maskinane. Den reaktive delen av lastimpedansen absorberer ikkje effekt, men lagrar energi mellombelt fram til spenninga snur; dvs. den reaktive delen vil motta energi i ein halvperiode og avgje han i neste halvperide. I elnettet, der frekvensen er på 50 Hz, varer ein halvperiode 100 ms.

Lastimpedansen kan uttrykkast

Z=R+jX=|Z|ejθ,

der R er den reelle delen av impedansen (den Ohmske motstanden), j=1 er den imaginære eininga, X er talverdien til den reaktive delen (reaktansen) og θ er fasevinkelen mellom straumen og spenninga.

Når lasta er reaktiv må kjelda (generatoren) tilføra lasta både reell og reaktiv effekt; denne må overførast via kabelen som bind saman generatoren og lasten, noko som fører til eit ekstra effekttap i leiarane. Om straum og spenning er i fase er den reaktive effekta null. Ein freistar difor å redusera fasevinkelen ϕ mellom straum og spenning, ved å gjera lasta mest muleg Ohmsk (reell). Indusksjonsmotorar til dømes representerer ein induktiv last, som fører til at det flyt ei reaktiv effekt i leirarane, som i sin tur fører til effekttap. Indusksjonsmotor er svært utbreidde, så for å redusera tapet vert det ofte plassert ei kapasitiv last i parallell med den induktive lasta, for å redusera den reaktive effekten. Energiselskapa kan setta energiprisen til industrien slik at han blir proporsjonal med φ.

Referansar

Mal:Referanseliste

Sjå òg


Mal:Autoritetsdata

  1. Dorf, R.C. og Svoboda, J.A., Introduction to electric circuits, 5. utg., John Wiley & Sons, 2001.
  2. Hayt, W.H. og Kemmerley, J.E., Engineering circuit analysis, 5. utg., McGrew-Hill.1993.